Fire-års-fylla

% To bønder, etter som ordet går,
var aldri edrupåfire år. %

% Det første gjekk på ein måte,
dei fekk både le og gråte. %

% Det andre året var verre,
da rauk både hest og kjerre. %

% Det tredje året tok ende,
dei hugsa ‘kje kva som hende. %

% Og så gjekk dei inn i det fjorde,
og det var det siste dei gjorde. %

Jakob Sande