Koronatiltak

Her vil du finne oppdateringar av tiltaka som blir brukt for å kunne gjennomføre øving.

Nettside med svar på spørsmål om korleis studentar skal forhalde seg til korona:
https://www.trondheim.kommune.no/aktuelt/korona-samleside/korona-hovedsak/hvilke-smitteverntiltak--skal-studentene-folge/

Nasjonale
Vi følgjer sjølvsagt dei nasjonale tiltaka som gjeld. Vi oppfordrar alle til å halde seg oppdaterte og følgje disse. FHI er ei god kjelde til informasjon om situasjonen og tiltaka som gjeld: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/?chapter=88508

Lokale (Trondheim)
Trondheim har før augneblinken ingen lokale forskriftar, men anbefalingar:

  • Anbefalast 2 meter avstand mellom personar som trenar på treningssenter
  • Anbefalar serveringsstadar å registrere alle besøkande
  • Anbefalar bruk av munnbind på i taxiar og offentleg transport
  • Anbefalar bruk av munnbind kvar ein ikkje kan overhalde 1 meter avstand på offentleg stad
  • Anbefalar å begrense sosiale kontaktar
  • Anbefalar arbeidsgiver å tilrettelegge for heimekontor for dei ansatte som ønskjer det

NTNU

  • Ingen eksamen med fysisk oppmøte fram til og med våren 2021
  • Annankvar pult og sitteplass er avstengd
  • CheckIn på auditorier, grupperom og lesesalar
  • Ein må bestille plass på lesesal
  • Sprit ved alle inn- og utgangar samt andre stader som til dømes utanfor auditorium
  • Heildigital undervisning veka etter påske

Her kan enkelte institutt ha eigne reglar som til dømes kun virituell veiledning så følg med på det som gjeld for ditt eige institutt.

Før du kjem på øving
Her er det du treng å tenkje på før du kjem på ei vanleg øving med oss.

  • Vi har bytta rom og tid til kl. 19.00 i EL3
  • Meld deg på øvinga på nettsida. Viktig at du har hugsa å legge inn telefonnummer. Dersom du er ny og ønskjer å bli med sender du ein mail til styret at taktlaus.no
  • Berre 5 stk på lageret av gangen, kom gjerne spredt så det ikkje blir trengsel
  • Sprit plassen din før og etter øving
  • CheckIn med QR-kode og bruk nummeret på plassen
  • Alle får tildelt plass
  • Anbefalt bruk av munnbind så lenge du ikkje sitt på plassen din

Speleoppdrag
Vi avventar speleoppdrag til det kjem meir informasjon frå regjeringa og kommunen.

Har du spørsmål eller bekymringar send ein mail til styret at taktlaus.no, vi svarar så godt og kjapt me kan.