Studentorchesteret Dei Taktlause - om oss

Bilete: 

Om oss

Studentorchesteret Dei Taktlause er eit studentorchester ved Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk (IE) ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), men tar i mot medlemmer frå alle fakultet! Dei Taktlause har tilknytning til linjeforeningen Sct. Omega Broderskab, som er Linjeforeningen for Elektronisk Systemdesign og Innovasjon og Kybernetikk og Robotikk. Vi er registrert i foretaksregisteret som 'Studentorchesteret Dei Taktlause' (org. nr. 991 663 681).

Vil du bli medlem?

Orchesteret spelar/øver kvar onsdag kl. 18.00, som regel i EL3 (oversikt) i Elektrobygget på Gløshaugen. Vi ønskjer alle som trur dei kanskje kan spele eit eller anna instrument velkommen. Dei Taktlause passa perfekt for deg som ikkje ønskjer eit kjempeseriøst opplegg, men som vil halde spelinga ved like. Du må gjerne ta kontakt om du er interessert eller dersom du lurar på noko.

Orchesteret har ei ganske lik samansetting som eit korps, men i motsetning til korps prøvar vi å ikkje gå i takt. Studentorchesteret Dei Taktlause vil derfor også passe for deg som leitar etter eit studentkorps i Trondheim. Du kan sjå meir av kva vi driv med på Facebook! :D

Speleoppdrag? Vi tar jobben!

Vi tar på oss speleoppdrag av de fleste typar, dog ikkje helaftener. Skulle det vere behov for eit musikalsk innslag ved f.eks konferansar, møter, julebord, skipsdåp, avduking eller lignande, så ta kontakt for å høyre meir om kva vi kan tilby og til kva pris. Det kan seiast at vi spelar variert musikk som vals, marsj, pop/rock, samba, ompa, blues, barnesongar og diverse anna. Når vi står og spelar på Nordre, på Gløshugen eller andre stadar, er det stor moglegheit for at vi gjer det fordi vi fikk lyst til å spele litt for folk.

Sosiale hendingar

Bortsett frå å spele og studere så treng ein student litt sosial adspredelse. Vi i Dei Taktlause har med tida blitt ganske dyktige på å vere sosiale, både med og utan instrumenter. Så dersom du vil ha det litt morosamt i tillegg til å blåse på tubaen din (eller slå på tromma), så kom på ein øvelse og sjå kva du går glipp av for kvart augeblikk du ikkje er medlem. Ta en titt på bileta av oss så ser du kor morosamt vi har det! ;-)

Dei Taktlause spelte høglydt i alle mulege taktartar, eit heilt styrlaust humorshow. ~ Universitetsavisa 2007.03.14

Bilete: