Studentorchesteret Dei Taktlause - Om Oss
Om oss
Studentorchesteret Dei Taktlause er eit studentorchester ved Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk (IE) ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) i Trondheim, men tar i mot medlemmer frå alle fakultet! Dei Taktlause har tilknytning til linjeforeninga Sct. Omega Broderskab, som er Linjeforeningen for Elektronisk Systemdesign og Innovasjon og Kybernetikk og Robotikk.
Vi er registrert i foretaksregisteret som 'Studentorchesteret Dei Taktlause' (org. nr. 991 663 681).
Vil du bli medlem?
Orchesteret spelar/øver kvar onsdag kl. 18.30, som regel i KJEL4 (oversikt) på NTNU Gløshaugen. Vi ønskjer alle som trur dei kanskje kan spele eit eller anna instrument velkommen. Dei Taktlause passa perfekt for deg som ikkje ønskjer eit kjempeseriøst opplegg, men som vil halde spelinga ved like. Du må gjerne ta kontakt om du er interessert eller dersom du lurar på noko.
Orchesteret har ei ganske lik samansetting som eit korps, men i motsetning til korps prøvar vi å ikkje gå i takt. Studentorchesteret Dei Taktlause vil derfor også passe for deg som leitar etter eit studentkorps i Trondheim. Du kan sjå meir av kva vi driv med på Facebook og på Instagram! :D
Speleoppdrag? Vi tar jobben!
Vi tar på oss speleoppdrag av de fleste typar, dog ikkje helaftener. Skulle det vere behov for eit musikalsk innslag ved f.eks konferansar, møter, julebord, skipsdåp, avduking eller lignande, så ta kontakt for å høyre meir om kva vi kan tilby og til kva pris. Det kan seiast at vi spelar variert musikk som vals, marsj, pop/rock, samba, ompa, blues, barnesongar og diverse anna. Når vi står og spelar på Nordre, på Gløshugen eller andre stadar, er det stor moglegheit for at vi gjer det fordi vi fikk lyst til å spele litt for folk.
Sosiale hendingar
Bortsett frå å spele og studere så treng ein student litt sosial adspredelse. Vi i Dei Taktlause har med tida blitt ganske dyktige på å vere sosiale, både med og utan instrument. Så dersom du vil ha det litt morosamt i tillegg til å blåse på tubaen din (eller slå på tromma), så kom på ein øvelse og sjå kva du går glipp av for kvart augeblikk du ikkje er medlem. Ta en titt på bileta av oss så ser du kor morosamt vi har det! ;-)
Andre studentorchester
Dei Taktlause er bare eitt av mange studentorchester i Trondheim. Det kan vera at eitt av dei andre orchestra er meir det du ser etter, eller kanskje du bare vil vera med i fleire orchester på ein gong! Det kan vere verdt å merka seg at Dei Taktlause er det einaste studentorchesteret i Trondheim som er ope for alle studentar, da dei andre er meir knytta si eiga linjeforening. Unntaket er Strindens Promenade Orchester, som har opptak. Dei andre orchestra er:
- Berseblæsten (Bergstuderendes Forening)
- Dragern (H.M. Aarhønen)
- Maxwells Muntre Musikanter (Nabla)
- Medisinsk Selskabs Orchester (MF Placebo)
- Strindens Promenade Orchester (Studentersamfundet)
- Studentorchesteret den Ohmske Motstanden (Elektra)
- TapHel & Toddy (Høiskolens Chemikerforening)
Dei Taktlause spelte høglydt i alle mulege taktartar, eit heilt styrlaust humorshow.
~ Universitetsavisa 2007.03.14