Buttonar

Framgangsmåte

  1. Design nokre motiv du vil lage buttonar av. Designet må vere like langt som det er breidt (om ikkje vert det strekt) og ikkje ha noke viktig motiv utanfor sirkelen med sentrum midt i motivet og diameter lik breidda/høgda (om ikkje vert det borte).
  2. Last opp motiva her som bilete og oppgje kor mange buttonar du ynskjer av kvart motiv. Om du skal lage buttonar i ei anna storleik enn Dei Taktlause sin standard, endre ynskja diameter.
  3. Trykk generer PDF, vent til sida svarar (dette kan ta nokre sekund om du prøvar å lage mange eller store buttonar) og print ut.

Malar

For å passe på at ein ikkje får motiv på baksida av buttonane er det lurt å designe med ein av desse malane. Lim inn motivet i laget som heiter Motiv og skaler og tilpass det slik at det som skal vere synleg på framsida av buttonen ligg innanfor den inste ringen, mens det som skal vere på baksida ligg millom den inste og ytste ringen. Skjul laga med ringane før du eksporterar biletet og lastar det opp nedanfor.

Den fysiske diameteren til kvar button.
Kor tjukk polstringa (padding) på baksida skal vere. Denne avstanden må vere rekna inn i motivet du lastar opp.

Motivbibliotek

Her finn du ferdiglaga buttonmotiv!